Velkome åt Gudbrandsdalen!

Midt mellom Oslo og Trondheim, i Peer Gynts rike, har vi nå to ledige stillingar som sokneprest.

Frøningane er glade i kyrkjene sine. Her feirar dei Kvikne kyrkje 250 år i 2014. Foto: Jens Petter Ous

I Nord-Fron i Gudbrandsdalen finn du levande bygder rike på kultur og tradisjon, nyskaping, turisme og flott natur.

Her er det to prestar og fire sokn i bygder der folkekyrkja står sterkt med 85% av innbyggarane som medlem i Den norske kyrkja. Gled deg til setermesser og friluftsgudstenester, søkande pilegrimsvandrarar og sporty skituristar.

I Nord-Fron kommune er det eit rikt kulturliv, og flotte område for friluftsliv med stabilt og godt klima sommar som vinter. Det er kort veg til skianlegga ved Gålå, Kvitfjell og Hafjell med lett tilgang både med tog, buss og bil.

Kyrkjekontoret ligg på kommunesenteret Vinstra. Her blir du del av eit arbeidsmiljø med elleve tilsette. Vi tar gjerne imot deg om du er nyutdanna eller har vore prest i mange år.

Er du interessert i jobben, er du velkome på besøk. Vi betalar rekninga.

Her finn du meir om stillinga i Kvikne og Sødorp

Her finn du meir om stillinga i Kvam og Skåbu

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"